Himmel og jord
syng høgsongen stor
i gufsande vilt
i høgtid og stilt.
Stålblanke, håle
høer med is
kvasse mot skinande
skyhimlar ris.
Skybragdi skin
som raudbloma lin
haustrømdi blår
frostkald og klår.
Fjellurdi ris upp
so blankskura rein
isvatn siklar
i svellbard og stein.
Eg vil tappe or tre
vin i livande ved, -
på kvist der søta heng klår
drikke drjupande tår -
ja, når sevjelaup går,
blod blande med vår!
Eg vil velte meg naken
i di møre og myr,
ja kremja under mitt hold
gyrme, gòr-myr og mold,
knø klessande feit
myr-mauk, frodig og heit!
Vigge, her ligg eg varm
ved din angande barm -
å, eg kjenner so vel
all den eld i mi sjel!
Eg ligg her tindrande vaken
i eit fjell-eventyr--
